Me følgjer opp fjorårets kjempesuksess og klinkar til med ein ny runde med Tomatbonanza.
Kva og når er Tomatbonanza?
Årets lotteri er rett og slett eit tomatkappløp. Opp mot 1500 ballar blir sleppte ut på likt og vil så kjempa seg nedover ei løype, komma seg forbi ulike hindringar, før dei endar i mål.
Tomatsleppet blir laurdag 19. august kl. 15:15 like ved Otto-huset i Judaberg sentrum.
Lodd
Lodd til Tomatbonanza kan kjøpast i informasjonsteltet til Tomatfestivalen. Det vil òg vera seljarar som går rundt fleire stader inne på festivalområdet. Eitt lodd kostar 100 kroner.
Kven vinn?
Alle ballane blir nummererte. Du kan ganske enkelt kjøpa eit lodd.
Lodda du kjøpar vil ha eit tal tilsvaranda talet på ein av ballane.
Kjem ballen med talet ditt først i mål, så er det du som stikk av med hovudpremien frå Bremnes Seashore. Dei 10 første ballane som kjem i mål blir premierte.
Premier
Eit raust og gåvmildt næringsliv sørgjer for fleire premiar. Førstepremien blir gjeven av Bremnes Seashore, og er overnatting for to på Hardanger House i Jondal , inkludert dagskort i heisen på Folgefonn sommarskisenter og lunsj på Fonna 1199, sponsa av Visit Fonna. Motorcentar Norway gir to gåvekort på 5 rundar på racingbanen.
Det blir ytterlegare mange vinnarar, der lodda blir trekte ut tilfeldig.
19. august
kl. 15:15
Ved Otto-huset
100 kroner per lodd