PRESSEMELDING

Tomatfestivalen 2024 – i samarbeid med lokalmiljøet!

I år som i fjor er Tore Dahl og Even Isachsen koordinatorar for Tomatfestivalen, gjennom selskapet Vella Mango AS.


- Me er godt igong med planlegginga og har eit tett samarbeid med Vella Mango! Dette seier styreleiar Arne Bergøy, og held fram: Tomatfestivalen har alltid vist korleis lokalmiljøet stiller opp, frå sponsorbedrifter og utsillarar, til frivillige organisasjonar og alle som jobbar dugnad. Festivalen har
alltid vore noko me lagar saman!


Styreleiaren forklarer at festivalprogrammet blir laga i samarbeid med andre aktørar, som har sine eigne arrangement under festivalhelga. Dette gjeld både frivillige organisasjonar og bedrifter.


– I år skal endå fleire aktørar få sette sitt preg på festivalen! Det er gode idear og kreative krefter i sving. Nokon lagar quiz, andre konsert, diskotek, løp og festivalmiddag. No frir me til endå fleire organisasjonar og bedrifter, som vil sette opp sine eigne arrangement! Organisasjonar og bedrifter
som vil lage til eit arrangement på Finnøy denne helga, kan ta kontakt. Då kan ein bli del av det offisielle festivalprogrammet.







Sjølv om enkelte arrangement blir gitt andre aktørar, vil publikum oppleve at festivalen er den same. Laurdagen er som vanleg hovuddagen på festivalen, med ei rekke utstillarar og mykje liv i sentrum av Judaberg.


Fredagen blir det opning på skulen med Tomatjeger! Festivalleiinga venter eit stort engasjement i løypene, frå både elevar og lærarar! I løpet av helga vil det også bli Tomatjegerløp for andre. – Det er berre eil å ligge i hardtrening fram mot festivalen, flirer Bergøy!


Tomatfestivalen er eit samvirkeforetak, som er eigd av ei rekke lokale aktørar. Årets festival blir frå torsdag 15. til sundag 18. august. Program og meir informasjon vil bli delt på tomafestivalen.no, og på festivalen sine Facebook-sider.


For spørsmål og uttale, kontakt:


Styreleiar Arne Bergøy. Tlf. 911 52 982 / abebmb@icloud.com


Koordinator, Even Isachsen Tlf. 971 61 845 / even@mango.no