Quiz

QUIZ

Spørrelek i Fleibrukshallen


Suksessen med quiz på Tomatfestivalen blir også gjenteken i år.
Me har spennande gjester med mellom anna Leif Tore Lindø og Hanne Vasshus på scena, medan den eminente Håvard Østhus leiar showet. Dessutan vil det bli nokre musikalske godbitar. Me håpar å sjå deg og laget ditt rundt borda i Fleirbrukshallen fredag 18. august.


19.30 - Dørene opnar (Bestilling snacks og drikke ved bord)

20.15 - Alle må vera på plass

20.30 - Programstart frå scenen, små pausar undervegs.

23.30 - Sjølve quizen er ferdig

00.30 - Dørene stenger


Pris: 250 pr pers

Det blir sett opp buss frå Stavanger, via Randaberg, Rennesøy og Talgje i tillegg til ein buss som køyrer rundt Finnøy - både før arrangementet og etter enda show. For meir informasjon og rutetidar, sjå Trafikk/Transport.

Kvart bord tek inntil seks personar, som dannar eit lag. Laga må vera mellom fire og seks personar. Ønskjer du å sitja saman med eit førehandsbestemt lag må desse bli melde på samla. Det er òg mogleg å melda seg på enkeltvis, du vil då få tildelt eit lag ved framkomst til hallen.


Jo tidlegare de melder deg på, jo lengre framme i salen vil de få tildelt bord.


Sal av snacks, øl, vin og mineralvatn.


Aldersgrense 18 år.

18. august

19:30


250 kr

4 timer

Finnøy Fleirbrukshall

4-6 per lag

Takk til våre generalsponsorar