Finnøy Fleirbrukshall
Torsdag 18. august kl. 17:00 er det klart for Tomatfestivalens opningsshow i Fleirbrukshallen på Finnøy. Bli med og opplev eit spanande føredrag med Leo Ajkic, liveshow med Finnøypodden, offisiell opning ved varaordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken med meir.
Leo Ajkic kjem frå Bergen med rungande røyst og klar tale. Han er ein nyskapande, uredd og engasjert mediepersonligheit. Med eit brennande samfunnsengasjement og utradisjonell tilnærming, til dei store og små spørsmåla i livet, har Leo flytta og utfordra grenser. Sidan 2010 har han leia og bidratt til ei rekke radio- og tv-produksjonar.
Arrangementet vil ha eit gjennomgåande fokus på krafta av internasjonalt mangfald.
Hjarteleg velkomen!
Arrangør: Tomatfestivalen og TEAL
Inngangspris: 250 kr (under 20 år: 100 kr)
Me anbefaler å kjøpe billett i forkant,
men det er også mogleg å kjøpe billett i døra.
Foto: Kristoffer Myhre