Oskar Nordbø og Edvard Borneo slår seg saman og inviterer til kyrkjekonsert i Hesby Kyrkje på Finnøy, sundag 20. aug. Kl. 19:00.
Oskar er for tida aktuell med sitt nye album "The Dog-headed Saint" og Edvard er midt i opprullinga av sitt neste album! Denne konserten vil både by på nytt materiale, men også nokre gode gamle "klassikarar".
Med vokalharmoniar, vakkert gitarspel og tekstleg fokus kan artistar som Simon and Garfunkel, Kings of Convenience & Bob Dylan fort dukka opp i tankane. Samstundes leiar brørne fortida inn i framtida, og byr på sin egen vri på Americana-sjangeren. Dei har endeleg lært seg å knytte lisseslipset, pressa buksene, og pusse mokasinane og gler seg stort til konserten!
Tidlegare har dei spelt for eit begeistra publikum på Checkpoint Charlie (Stavanger), Ogna Scene, Sandnes Kulturhus, Festiviteten og Pust (Oslo) for å nemna nokre stadar.
Studentbillett: 200 kr
Ordinær billett: 250 kr
20. august
Kl. 19:00
70 minutt
Hesby Kyrkje
Frå 200kr