BOMFRI TUNNEL
Finnøy er knytt til fastlandet med ein undersjøisk tunnel. Denne blei bomfri 1. juli 2021, så no er det ingen grunn til å ikkje ta turen til Finnøy. Kjem du sør frå Stavanger på E39 eller nord frå Haugalandet og ferja frå Bokn på E39, så svingar du av på Rennesøy på fylkesveg 519 mot Finnøy. Då er det 3 km til Hanasand og 6 km i Finnøytunnelen, og vips er du på Finnøy. Festivalen held til i Judaberg sentrum.
PARKERING
Parkering for privatbilar vil vera litt utanfor Judaberg sentrum, med gåavstand til festivalplassen. Dette gjeld laurdag og sundag. For laurdag kan du finna parkering på kartet HER.
Kjem du med bubil er det det avgrensa midlertidige bubilområde - merk: er ikkje lagt opp straum.
TRAFIKKREGULERING
Laurdag 20. august er vegen gjennom Judaberg sentrum festivalplass, og dermed stengt for trafikk mellom kl. 09.00 og 18.00. Omkøyring er skilta.
Frå torsdag 18. august blir delar av Judaberg sentrum sine parkeringsplassar sperre og rigga om til festivalområde. Parkeringsplassen utanfor Coop Extra vil bli stengt frå kl.14.00 fredag 19. august. Extra-kundar kan parkera på baksida av Coopbygget, på området ved Finnøy Næringspark. Dette gjeld då resten av fredagen og heile laurdagen. Me vonar dei som bur i nærområdet går eller syklar til festival.
BÅT
Det går hurtigbåtar frå store delar av Ryfylke og frå Stavanger til Finnøy.
Planlegg reisa di på med rutebåt på kolumbus.no - stoppestad: Judaberg ferjekai (Stavanger)