Aktivitetar i kommuneparken

Aktivitetar i Kommuneparken

Kom og besøk oss i
«kommuneparken» utanfor
innbyggartorget og bli
betre kjent med ulike aktørar i
kommunen

Innbyggartorget har med seg eit mangfald av aktørar som har virke ikommunedelen. Me er spesielt stolte av å ha
med oss Stavanger 2025, Finnøy bibliotek, Sølvberget og fleire andre aktørar i kommunen.


Det vert matservering frå Kafeen på innbyggartorget både inne og ute, spanande tomatrettar, varm og kald mat
for både vaksne og barn. Det er sitteplassar både ute og inne


og det blir underhaldning frå ein litan scene ved inngangen til innbyggartorget. Kl. 11.40 kjem Finnøy musikkorps og spelar, kl. 14.00 underheld elevar frå musikkskulen.


Nedanfor er oversikta over aktørar og kva du kan oppleva i
kommuneparken, området utanfor innbyggartorget.
Her vert det aktivitetar for både store og små! Me ynskjer hjarteleg velkomen til stand, me sjåast!

Stavanger kommune er stolt sponsor av Tomatfestivalen!

Stavanger 2025


900-årsfeiringa Stavanger 2025, kom og høyr meir om alt du kan oppleva under jubileet,
både i år og neste år! Me har fargeleggingsbøker og magnetvegg der du kan pusla nokre av utsmykkingane på domkyrkja som fyller 900 år.

Finnøy bibliotek, Sølvberget og Arkeologisk museum


Biblioteket har med lykkehjul med quiz og kjekke premiar! Det blir òg ein tjuvstart på utdeling av årets Hele Stavanger leser-bok,


Garman & Worse av Alexander L. Kielland.


Kl. 12.00 og kl. 13.00: Lesestund med Reven Bo og Eli Gull i Ottohuset


Reven Bo og Eli Gull frå Sølvberget fortel og tøysar litt med revar og grisungar, og kanskje blir det ei lita historie om Emil òg.


Kl. 11.00-14.00:


Arkeologisk museum stiller med vertar kledd i historiske drakter. Hjå oss får du læra om forhistoriske gjenstandar og skattar som er funnen på Finnøy. Visste du til dømes at det eldste og best bevarte isbjørnskjelettet i verda vart funne på Finnøy? Du får òg laga din heilt eigen runeamulett i skinn!

Kafeen på innbyggartorget


Ute i teltet finn du dette: isbar med kule-is, fløyte eller sorbé ● kald drikke og kaffi. Asiatiske smakar: steikte nudlar med kylling ● våruller. Inne på torget har me kylling sandwich med tomatpesto ● ”Grab to go” chili con carne ● flattbrød pizza og anna. Me har med oss Fjorden sjokolade, som har laga spennande nye typar sjokolade til festivalen.

Datahjelp og Finnøy frivilligsentral


På datahjelp løyser me små og store digitale kvardagsproblem. Me hjelper til med e-post,
appar, nettsider, justering av ringjelyd eller kva som helst som du opplever som komplisert i
den digitale verda. Kva synest du er det beste - og verste - med digitaliseringa og internett?
Kom innom datahjelp for ein prat! Frivilligsentralen er på plass, kom gjerne og prat med oss!

Innbyggartorget


Møteplassen for kommune, innbyggjarar, lag og organisasjonar og næringsliv i
kommunedelen. Lurar du på kven som kan låna møterom og drop-in arbeidsplassar gratis.
Korleis bookar du ein plass og kva fasilitetar tilbyr me? Me set i gang ein konkurranse på
festivaldagen, kom og prøv vinnarlykka!

Finnøy kommunedelsutval


Ynskjer du å snakke med representntar i kommunedelsutvalet? Har du spørsmål eller
innspel til oss, er du hjarteleg velkommen til standen!

Landbrukskontoret


Landbruks- og havbrukskontoret i Stavanger kommune er administrativt organisert under
kommunen si næringsavdeling og skal bidra til å utvikla, følgja opp og gjennomføra
overordna strategiar og planar for utviklinga av landbrukssektoren i kommunen.

Rådgivingskontoret for høyrsleshemma og deira nettverk,


er i år til stades på Tomatfestivalen. Det vil òg bli moglegheit for ei enkelt høyrselsscreening.

Vassvogn - Vann og avløp


Kommunen er på vassvogna, blir du skikkeleg tørst kan du fylla vatn gratis.

Kulturskulen


Kl. 14.00 på scena utanfor innbyggartorget, Ombo gitarensemble kjem og spelar.
Minikonsert med song, gitar og rytmeinstrument.

Innbyggjarservice


Kom og treff oss på innbyggarservice, der du får hjelp og råd om kommunale tenester, slå av
ein prat eller delta i renovasjonsleik.
(Uansett går du ikkje tom hendt herifrå)

Fleirgongservice - Klima og Miljø


Kom og treff oss på innbyggarservice, der du får hjelp og råd om kommunale tenester, slå av
ein prat eller delta i renovasjonsleik.
(Uansett går du ikkje tom hendt herifrå)

Fleirgongservice - Klima og Miljø


Skal du arrangera bli-kjent-dag på skulen eller i barnehagen, piknik i fjøra eller eit privat
selskap? Det er lett å leiga haldbart servise som kan brukast hundrevis av gonger – og du
slepper til og med oppvasken! 100 sett er tilgjengelege hjå innbyggartorget på Judaberg.
Arbeidstreningssenteret i Stavanger har dessutan heile 1000 sett – sjå


www.stavanger.kommune.no/flergangsservise.

Prosjekt Mosterøy aktivitetspark


Me i idrettsseksjonen er på stand og treng innspel til Mosterøy idrettspark. Du som er frå
Rennesøy, Finnøy eller andre stader, som tenkjer det hadde vore kjekt å bruka Mosterøy
aktivitetspark, kva vil du at parken skal innehalda? Du kan vera med på å gi innspel på kva
du synest er GØY, og kva aktivitetar DU drøymer om å ha i idrettsparken. Kom innom oss og
sjå kva du kan vera med bestemma.


SFO Finnøy Sentralskule


Me resirkulerer, kom og kjøp brukte klede hjå oss. Me har også laga perleband og kanskje vil
du kjøpa smykker og armband hjå oss?


Inntektene av salet går til aktivitetar for barna på SFO


Kom og sjå forslag til reguleringsplan av fylkesvegen gjennom
Judaberg sentrum


Me heng opp kart over forslag til detaljregulering av fylkesvegen i Judaberg sentrum.


Her kan du sjå korleis vegen kan bli. Har du innspel så er det høve til å melda dette inn.


Velkommen til kommuneparken!