Me lagar t-skjorter i samband med Tomatjegerkonkurransene under Tomatfestivalen. T-skjortene er i bomull med rund hals og kjem med svart farge.
T-skjortene kostar 250,- inkludert mva. Betaling skjer ved henting via Vipps.
Det er 4 trykk på t-skjortene: På brystet er det ein Tomatjegerlogo, på ryggen står det «Slepp laus di indre tomat» og på sidene er logoen til Tomatfestivalen og Ryfylke.
Det vil vera mogleg å kjøpa t-skjorter i infoteltet under familieløpet og hovudløpet av Tomatjeger på festivalen (så langt lageret rekk).
T-skjortene vil vera tilgjengelege i følgjande storleikar:
Barn 8-10 år
Barn 12-14 år (Beste match for barn mellom 10-12 år)
Vaksen – S
Vaksen – M
Vaksen – L
Vaksen - XL
Alle foto er illustrasjonsfoto som berre er meinte å gi eit inntrykk av utsjånad, og er ikkje bilete av dei faktiske t-skjortene.
Les meir om Tomatjeger her