Du har kanskje høyrt om Trolljeger? Me i Tomatfestivalen er så heldige at me har starta eit samarbeid med Trolljeger og Lyse. Saman skal me laga ei spanande tomatjegerløype på kunstgrasbanen ved Finnøy skule for store og små under årets festival.
Er du klar for å utfordra komfortsonen og testa dine fysiske og psykiske grenser samstundes som du jobbar på lag? Tomatjegerløpet har fokus på samarbeid, meistring, lagspel og at det skal vere gøy.
Løypa vil bestå av ca. 15-20 hinder der du må både høgt og lågt, og fleire av hindera krev samarbeid for å komme seg vidare. Me sett opp 3 ulike løp, Eit hovudløp, eit familieløp og eit barneløp. Under hovudløpet vert det premier til dei tre raskaste laga.
Unikt for Tomatjeger er at dykk må frakta ei tomat heilskinna gjennom løypa, som blant anna vil innehalde hindera Trollveggen, Trollstolen, Kryperøyr og ikkje minst eit eksklusivt Tomatspa. Sjå løypekart.
Som eit ekstra krydder oppfordrar me alle lag til å vere kreative i si uniformering for å få frem lagkjensla. Kva med like drakter eller kanskje til og med parykkar? Her er det berre kreativiteten som set grenser.
Saman bidrar me til folkehelse og livsmeistring!
NOKRE AV UTFORDRINGANE I VENTE
I regi av generalsponsoren vår Lyse vil dei tre raskaste laga på hovudløpet vinna moglegheita til å donera 7000, 5000 og 3000 NOK til eit valfritt barnelag eller ungdomsforeining opp til 18 år. Laget, klubben eller foreininga må halda til i Sør-Rogaland og vera knytt til ein offisiell medlemsorganisasjon.
Les meir om Lyse Spirer her
TEST DIN STYRKE, SMIDIGHEIT OG DINE SAMARBEIDSEVNER MENS DU OG LAGET DITT NAVIGERER GJENNOM EIN SERIE AV UTFORDRINGAR
Hinderløypa vert sett opp på kunstgrasbanen ved Finnøy skule
Hagabakken 1
4160 Finnøy
Som det sømer seg er det borna som får prøva seg fyrst i løypa.
Trolljeger-sjef Paal Refsland har etter fleire år med skuleløp erfart at det å gje barna ein anna arena å jobba på byggjer relasjonar og gjev ei unik meistringskjensla.
Me deler opp skulen i tre, der alle barna skal få prøva løypa i puljer. For å koma i mål må ein samarbeide og heie kvarandre frem.
Fredag 18. august
i skuletida
Info kjem seinare
GRATIS
På ettermiddagen på fredag opnar me for at foreldre og barn kan prøva seg i løypa saman.
Det er ei annleis og unik oppleving der ein byggjer samhald og får minner for livet.
Alle får hver sin medalje i tillegg til at det trekkes ut premie til noen tilfeldige lag.
Alle får kvar sin medalje i tillegg til at me trekkjer premie til nokre tilfeldige lag. Ein kan vere inntil 7 personar på eit familielag og nedre aldersgrense er 6 år. Det må vere minst ein vaksen på laget. Kva med å utfordra nabofamilien til ein duell?
Fredag 18. august
kl. 16:00 - 17:30
2-7 personar per «familie». Frå fylte 6 år.
250 kr per familie
Medalje til alle og tilfeldig trekning av premie til nokon lag.
På laurdag opnar me løypa for alle og held hovudkonkurransen.
Kvart lag tar hindera i sitt tempo og berre det å gjennomføra løpet gjer utvikling og meistring. For dei aller ivrigaste vert det tidtaking og premie til dei 3 raskaste laga. I tillegg trekkjer me ut ein premie til nokre tilfeldige lag.
Det vil vere mogeleg å melda på lag frå 4-6 personar og det kan vere alt frå bedrifter, foreiningar, vennegjengen eller nabolaget.
Laurdag 19. august
Kl. 16:00 - 18:00
Minimum 4 personar per lag. Inntil 6 personar. Frå fylte 13 år.
Pris per lag á 4 personar er 500 kr. 100 kr per ekstra deltakar.
Flotte premier til dei 3 raskaste laga i tillegg til tilfeldig trekning av premie til nokre lag. Medalje til alle.
På familieløpet og hovudløpet blir laga sett i gang innanfor eit gitt intervall på 15 minutt. Det er viktig at alle på laget møter opp 15 minutt før dette intervallet startar. Lagleiaren blir bede ta kontakt med informasjonen ved oppmøte.
Mango har gått konkurs. men det blir fortsatt festival, info kommer utover våren