SMITTEVERN

SMITTEVERN


Me ønskjer du skal føla deg trygg på Tomatfestivalen, ikkje minst med tanke på smittevern. Då treng me også hjelp frå deg. På dei aller fleste arrangementa er det påmelding i forkant. Me har eit tak på kor mange som kan vera inne og ute på kvar tilstelling. Hugs å melda deg på, både for å få plass og for at me må vita kven som er til stades. Det har me smittesporing å gjera.


Når det gjeld marknadsdagen i Judaberg sentrum laurdag, er det ikkje krav om tal på folk og registrering. Då er det avstand som gjeld, både mellom folk og mellom standar. Me har sjølvsagt handsprit ved inngangen til festivalområdet og ved kvart arrangement. Matutstillarar har også krav om handsprit på sine standar.


Kjenner du deg sjuk, er ikkje Tomatfestivalen staden å vera! Hald deg frisk, hald avstand og for all del meld deg på arrangementa som freistar – i forkant!