Utstillarreglar

UTSTILLARREGLAR

Utstillarreglement for Tomatfestivalen 2022


1. Dei som er interesserte i å delta som utstillarar på Tomatfestivalen 2022 må fylla ut elektronisk søknadsskjema            som ligg på www.tomatfestivalen.no. Ta eventuelt kontakt på kristine@ryfylkelivsgnist.no om de treng hjelp til              søknaden.


2. Søknadsfrist er 15. juni. De får stadfesting på om de har fått plass eller ikkje innan 21. juni.


3. Påmeldinga er bindande etter 21. juni og standleiga vil bli innkravd i si heilheit. Unntak ved sjukdom.

   (legeattest må framleggjast).


4. Faktura for standleiga blir sendt ut fortløpande. Standplassen er stadfesta når faktura er betalt. Dersom                        situasjonen grunna Covid 19 fører til at ein ikkje kan ha utstillarar, blir beløpet tilbakebetalt.


5. I tillegg til kvalitet på produkta, ynskjer me å prioritera gartnarnæringa, mangfaldet innafor mat, landbruksnæringa,      bygg og bu, transport og reiseliv, organisasjonar, lokalmat, lokale produkt og handverk. Arrangøren kan også, etter      ei samla vurdering, ta inn andre deltakarar.


6. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av Mattilsynet i heimkommunen.         Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.


7. Arrangøren sørgjer for reinhald av innan- og utandørs publikumspassasjar. Reinhald av standplass er utstillar sitt       ansvar. Det blir sett opp søppelspann på heile området.


8. Standplass kan riggast frå kl. 07.30 same dagen, eller etter avtale dagen før.


9. Utstillar må sjølv sørgja for nødvendige forsikringar.


10. Alle bilar og tilhengarar, som ikkje er ein del av utstillinga/standen, må vera ute av festivalområdet mellom kl.               09.30 og 17.00.


11. Standplass/serveringsplass skal vera betjent når festivalen er open for publikum. NB! Ingen bilar skal inn på                området før 17.00! Dette pga trafikktryggleiken. Vakter vil passa på at dette blir overhalde.


12. Etter avslutta festivaldag skal standplassen etterlatast ryddig og fri for dekorasjonar, spiker, emballasje og                    liknande. Utstillar er ansvarleg for eventuelle skadar utover vanleg slitasje.


13. All ferdsel på utstillingsområdet og tilgrensande areal skjer i samsvar med retningslinjer for trafikkregulering                  fastsett av arrangør. Det kan berre parkerast på tilviste plassar.


14. Alle utstillarar er bundne av dette reglementet. Arrangør avgjer med bindande verknad tvistar om forståing av              reglementet.


15. Arrangør kan avlysa festivalen, eller deler av denne, dersom det syner seg uråd å gjennomføre arrangementet            pga force majeur, større skader på bygningar eller tekniske skader på utstillingsområdet og enkeltstandar. Ved            avlysing av festival, betalar arrangør tilbake standleiga.


Velkomen til Tomatfestivalen 20. august 2022!