TOMATBONANZA

TOMATBONANZA

ER DIN TOMAT DEN KJAPPASTE?

Tusen takk til alle dykk som kjøpte lodd, gav gevinstar og deltok

på Tomatbonanza.

Hovudpremien frå Bremnes Seashore vart vunnen av Thorstein Pedersen.

Gratulerer!!


Hovudpremien var eit opplevingsfull helgeopphald for to personar
på Haaheim Gaard med mat og overnatting.

I tillegg mottok vinnaren ein solid dose SALMA-produkt.

Kva og når er Tomatbonanza?


Årets lotteri er rett og slett eit tomatkappløp.

Opp mot 1500 ballar blir sleppte ut på likt og vil så kjempa seg nedover ei løype,

før dei endar i mål.
Tomatsleppet blir laurdag 20. august kl. 1500 like ved Finnøy Legekontor i

Judaberg sentrum.


Kven vinn?


Alle ballane blir nummererte. Du kan ganske enkelt kjøpa eit lodd.

Loddet du kjøper vil ha eit tal tilsvaranda talet på ein av ballane.

Kjem ballen med talet ditt først i mål, så er det du som stikk av med hovudpremien

frå Bremnes Seashore. Dei 10 første ballane som kjem i mål blir premierte.

Og eit raust og gåvmildt næringsliv sørger for fleire premiar.

Det blir faktisk ytterlegare 40 vinnarar, der lodda blir trekte ut tilfeldig.

20 prosent til Finnøy IL


20% av inntektene frå loddsalet går til å finansiera det nye aktivitetsområdet til Finnøy IL på Leikvoll.
Så anten du vinn eller ei, er du som loddkjøpar med og bidrar til at ungar held seg aktive.


Tomatfestivalen