Laurdag 20. august
Ein smak av Finnøy
Bli med på vår tomat- og opplevingsløype i Judaberg sentrum.
Herlege godbitar frå fjord, jord og bord.
Vår guide byr på ei historisk vandring med varme og kalde smakar, artige ryfylkehistorier, glimt frå gamle dagar og framtidsteknologi. Turen varar ca. 80 minutt.
Stikkorda er:
Finnøypizza i eit gammalt meieri
Kaihus – frå ekspedisjon til turistinfo
Vertshus, bakeri og blomsterbutikk
Tomatar i alle vriar og fasongar
Hightech og laksesmak i Griegbygget
Ein frisk smak frå Bygdakokken i eit innbyggjartorg
Smaksprøve frå Cindy´s - små gleder
Garantert med finnøyhistorier og finnøysmakar du ikkje har testa før.
Pris per person: 150 kroner for tur og mat
Plass til 25 personar per gruppe.
Rundturane startar kl. 11.00 og 11.30
Turen startar ved Infoteltet (tvers overfor Finnøy Pizza) - 10 minutt før for registrering.