Programmet er klart!

GRATIS inngang på festivaldagen!

15. - 16. - 17. - 18. AUGUST 2019

KYRKJEKONSERT MED HILDE SVELA


Hilde Svela kjem til Hesby kyrkje laurdag 17. august klokka 20.00, for å halda konsert. Ho er ein erfaren songar og låtskrivar busatt på Klepp i Rogaland. Ho har tidlegare utgjeve tre kritikarroste soloalbum «Tidevann», «Skapervind» og «Ver hos meg». Høsten 2018 kom hennar fjerde album «Himmelstreif» med eigenkomponert musikk. Musikken hennar er kjent for mange gjennom NRKradio og nærradioar. Henner musikalske univers er ei blanding av akustisk pop med folkemusikalske element, og norske tekstar. Ho var i mange år songar i Oslo Gospel Choir før ho gjekk solo. Forutan å vere frilans sanger er ho ein mykje brukt kordirigent, kursholdar og inspirator innan musikk for barn og ungdom. 


På årets kyrkjekonsert har ho med seg sitt eige band: 

Kristian Lie-Bjelland: tangentar

Kjell Rune Fjellheim: gitarar

Svein Arild Varhaug: bass

Magnar Helland: trommer


Denne kvelden vil dei by på låtar frå alle hennar fire album.


Pris: 200,-