Programmet er klart!

GRATIS inngang på festivaldagen!

15. - 16. - 17. - 18. AUGUST 2019

Lyst på tur til Italia?

Bli med på Griegs Tomatbasar

 

Årets nyvinning på Tomatfestivalen er basarbrett og lukkehjul – med drøssevis av flotte premiar. I samarbeid med Grieg Seafood inviterer Tomatfestivalen til basar i fleire kanalar.

  • Basarbrett: - fredag (under taco og quiz) og heile laurdag fram til kl. 15.00 kan du kjøpa basarbrett til 100 kr per brett. Her er det 20 vinnarsjansar per brett (altså 5 kroner loddet). Hovudgevinsten er tur for to til Milano i Italia – tomatland! For dei andre premiane, sjå vårt basarbrett under. NB: Trekking frå hovudscenen på Judaberg kl. 15.30 laurdag. For å vinna premiar, må du vera til stades (evt gjeve brettet til andre som er der). Me trekkjer på brettnummer og ikkje på namn.


På laurdagen blir bretta selt i lukkeboden like ved Coop Extra og av loddseljarar som går rundt på festivalområdet.

  • Snurr for ein 20-kroning. Ufatteleg mange flotte premiar. Men, då må du treffa! I lukkeboden ved Coop Extra kan store og små snurra på to hjul, laga av Bygdasnekkaren Tor Bjarne Flesjå. Lukkehjula snurrar både fredag under tacoen, heile laurdag frå 10 til 16 og under Griegløpsarrangementet sundag.


Betalingsform for både basarbrett og lukkehjul er kontant og vipps (Tomatfestivalen 121055)

 

Her er premiane på basarbrettet.

 

Her er premiane på lykkehjul.

 

Tusen takk til alle våre bidragsytarar! Det hadde ikkje blitt verken basarbrett eller lukkehjul utan gåver frå næringslivet.

Til våre gjestar: Med gratis inngang laurdag er det jo berre å bruka pengane på basaren!

TOMATBASAREN 2019