GRATIS inngang på festivaldagen!

18. - 19. - 20. AUGUST 2017

Programmet for Tomatfestivalen 2017

TORSDAG 17. august

THE DISCONIGHT 2017!

17.00 - 18.30: 1. - 3. klasse

19.00 - 20.30: 4. -7. klasse

21.00 - 23.00: 8. -10. klasse

 

DJ: BX Networks.NET. Finnøy Fleirbrukshall. Kiosksal. Inngang kr. 50,

FREDAG 18. august

 

FAGTUR: "Når den jordnære bonden vert utadvendt vertskap"

09.00 - 15.30: Buss, gartneri, rundtur, guiding, Tyskerhålene og Utsyn, er berre nokre av stikkorda! Velkommen til ein jordnær og inspirerande tur i Finnøy! Ryfylke Livsgnist leiar oss gjennom dagen. Meir informasjon og påmelding på www.tomatfestivalen.no. Arr: Ryfylke Næringshage. Deltakaravgift er kr. 600,- per deltakar inkl. busstur, mat og opplevingar.

 

PRAKTISK INFORMASJON OM REISE

For dei sørante: Det blir sett opp buss Byterminalen i Stavanger med avgang kl. 08.00.

Bussen stoppar på Sokn og Rennesøy undervegs. Retur kl. 15.30 frå Utsyn.

Dei innante: Hurtigbåt frå Sauda/Suldal er på Judaberg 08.40. Hurtigbåt frå Hjelmeland er på Judaberg same tid.

Strandalandet mm: Hurtigbåt frå Tau 07.35, på Judaberg 08.00. Me hentar alle på kaien. Retur hurtigbåtar: Passar for alle i Ryfylke

Dei som køyrer bil kan parkera denne på Talgje i nærleiken av Skavland Gartneri.

 

13.00 - 18.00 Kunstutstilling med Roald Sivertsen i OTTO-HUSET. Kr. 50,-

 

Arrangement fredagskveld:

18.00 - 19.00 Tomatoman/Woman triatlon

Eit uhøgtideleg triatlon som er overkommeleg for dei fleste; 50 m symjing, 9 km sykling og 2,8 km springing.

Premien er ære og tomatar. Bli med som deltakar eller publikum! Start/mål på Steinnesvåg kai, Finnøy. Påmelding/info på Facebook -Tomatoman, eller på tlf. 476 44 234. Arr: Sykkel i Finnøy

 

18.30 - 21.30 JUBILEUMSFEST, med allsong rundt bålet

Velkommen til feiring av den 15. Tomatfestivalen! Ta med deg familien og grillmat, grillen er tent! Her blir det grilling og allsong rundt bålet saman med Einar Olsen frå Ekstrem Allsang.

Per Olav Alvestad overraskar oss!

For dei som har vore på Tomatoman/woman, er det berre ein liten gåtur opp frå Steinnesvåg kai til Sanse Helsegaard på Flesjå.

Entré: vaksne/born; kr 50,- familiebillett; kr 200,-.

 

19.00 - 23.30 Pubkveld, "Pølser, pils og plater" på OTTO-HUSET Gratis entré

 

22.00 - 09.00 TomatLAN

Ei heil natt med Gaming! Finnøy Fleirbrukshall.

Ta med padde og nettverkskabel. Frå 8. klasse. Inngang kr. 100,-. Påmelding på www.tomatfestivalen.no, eller direkte på arrangement TomatLAN på Facebook. Begrensa plass, første mann til mølla!

LAURDAG 19. august

 

10.00 - 16.30 DEN STORE FESTIVALDAGEN I JUDABERG SENTRUM!

Massevis med tomatar i alle fasongar, butikkar og utstillarar for kvar ei interesse og gane!

Aktivitetar, konkurransar, underhaldning og opplevingar for absolutt ALLE!

Vår gjest i år, Per Olav Alvestad er med å lagar festivalstemning!

Gratis entré!

Aktivitetsarmband til aktivitetar kr. 100,-

10.30 Offisiell opning

Ordførar Henrik Halleland og vår hovudgjest, Per Olav Alvestad opnar festivalen.

Trekning frå «UT PÅ TUR»-boka

 

10.00 - 12.30 TOMATMEISTERMØTE: TRAKTORPULLING med Felleskjøpet RA

Blir du ein av årets Tomatmeister? Test krefter utanfor Ryfylke Næringshage

 

11.00 Kokkekurs for born med Ryfylkekokken i Bornas Sjømattelt

 

11.00 Sr-bank Sandvolleyballcup - SEMIFINALAR

 

11.30 OTTO-HUSET - Avduking av leikeskulptur og opning av Sansehagen

 

12.00 SANDVOLLEYBALL - Showkamp med elitelag frå Randaberg

 

12.00 5-minuttar hjå gartnerane - Tomathistoria i Finnøy, Kolbjørn Ladstein

 

12.00 Kokkekurs for born med Ryfylkekokken i Bornas Sjømattelt

 

12.30 Trekning Tomatbasar frå festivalscena

Song av Utsyn barnehage, 5-minuttars - Korleis lykkast med å dyrka dine eigne tomatplanter?

Jostein Gard gjer oss tips. Utdeling av bankrådsmidlar.

 

13.00 TOMATMEISTERMØTE: TRAKTORPULLING med Felleskjøpet RA - SEMIFINALE

 

13.15 Kokkekurs for born med Ryfylkekokken i Bornas Sjømattelt

 

13.30 Minikonsert - Martin og John Kenneth med venner på Otto-huset. Kr. 50,-

 

Ca. 13.30 APELL AV ERNA SOLBERG

 

14.00 Sr-bank Sandvolleyballcup - FINALAR

 

14.00 5-minuttar hjå gartnerane - Tomat i eit helseperspektiv, Oddny Kjølvik

 

14.00 Kokkekurs for born med Ryfylkekokken i Bornas Sjømattelt

 

14.30 Treff blink med tomatkanona

 

15.00 Trekning Tomatbasar frå festivalscena

Kven blir årets gledesspreiar? Danseinnslag av Barnezumbaen frå Fogn

 

15.00 Kokkekurs for born med Ryfylkekokken i Bornas Sjømattelt

 

15.15 Minikonsert - Martin og John Kenneth med venner på Otto-huset. Kr. 50,-

 

15.45 TOMATMEISTERMØTE TRAKTORPULLING med Felleskjøpet RA - FINALE

 

15.50 Trekning av sølvbeltet hjå Sølvsmeden på Bethel

(for dei som har kjøpt bunadsølv)

 

16.15 Avslutning ved scena

Premieutdelingar, gåvedryss og utdeling av gevinstar

Dette kan du også gjere på festivaldagen:

10.00 - 15.00

  • Bygg og treff blink med tomatkanon
  • Klatrekonkurranse i hallen

 

10.00 - 16.00

  • Sjå pappeskeutstillinga av bygningar i Finnøy kommune i papp!
  • Tivoliaktivitetar på området:

hesteskokasting, pilkast, boksekast, lykkehjul,

fiske ender (t.o.m 7 år),

treff blink i handballmålet

  • Brannbilen er på plass
  • Prøv ein el-sykkel - Sport 1
  • Prøvekøyring av el-bilar - Møller Bil
  • Presisjonsgraving - Gard Maskin

10.00 - 16.00

  • Minigravemaskin for barn - Gard Maskin
  • Tomatnøtter Quiz/rebus på området Kr. 20,-
  • Stintefiske for barn
  • Gartnerane
  • Dyr og aktivitetar hjå Bondelaget og

Fiolen familiepark sin stand i parken

  • Kaffigruvene er klare med ekte bålkaffi
  • Trøtraktorbane for dei minste v/Bethel

 

11.00 - 18.00

  • Kunstutstilling på Ottohuset -

Roald Sivertsen, "Heim"

Laurdag kveld:

 

20.00 «Luther med Latter» med Ryfylke Livsgnist i Hesby Kyrkje

Etter å ha reist Noregs land på kryss og tvers, der over 50 framsyningar totalt er planlagt, er endeleg

suksess-førestillinga her på Finnøy!

Billettbestilling, unummererte billettar på www.ryfylkelivsgnist.no. Betaling i døra, kort eller kontant.

 

 

 

 

 

 

 

 

21.00 Tomatdans med Tone Salomonsen i Fleirbrukshallen

No er det tid for å svinge dansefoten! Sal av øl og vin. Aldersgrense 18 år. Entré kr.150. Kort/kontant

«Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «Luther-kabareten» ei ålmenn førestilling,

der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving.» (www.Ryfylkelivsgnist.no )

SUNDAG 20. august

 

10.00 - 12.00 Finnøy marsjen

Ut på tur! Ei løype på veg og ei løype i terreng.

 

13.00 - 15.00 Griegløp og grilling av laks

Finnøy idrettslag inviterer til løps- og mosjonsfest for liten og stor, og eit godt måltid mat i Judaberg sentrum. Grilling av laks frå Grieg, kiosksal, kaker og kaffi.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Påmelding skjer i startområdet: Frå kl. 11.00 og fram til 15. min før start.

Flotte premiar frå Sølvsmeden på Finnøy og Grieg. Alle som deltar får t-skjorter frå Grieg Seafood.

Spørsmål kan rettas til: Bendik Heggelund, tlf.: 970 32 165, e-post: filaktivitet@gmail.com

 

13.00 - 18.00 OTTO-HUSET - Kunstutstillinga "Heim" av kunstnar og utflytta Finnøybu,

Roald Sivertsen

Open kafé med sal av vaflar, is kaffi m.m. Inngang til utstillinga kr. 50,-

 

 

Løyper/Klassar/Klokkeslett

13.00 Barn fødde i 2005 og yngre: 800 m. Inga påmeldingsavgift

13.30 Ungdom fødde i 2000 og seinare: 2 km. Startavgift kr. 80,-

14.00 Hovedløpet: 3x2 km. Startavgift kr. 180,-

Stafett, trimklasse for alle: 6 km. Kr. 100,- pr. løpar eller kr. 300,- pr. lag når 3 eller

færre på laget. Her vel de sjølv kor mange og kor langt kvar enkelt skal løpa.

Takk for støtta!

Bifftomat

Plommetomat

Cherrytomat

Blanda småtomater

Perletomat

Samarbeidspartnerar

v/ Geir Landa

Finnøy Idrettslag (FIL)